Seljord Kviteseid Nissedal Fyresdal Tokke Vinje Alle

Søk i artiklane


Hjalarhornet Radio AS
Pb 3
3835 Seljord
Tlf: 35052005
epost: post@hjalar.no



Klikk her for å høyre bingoen


Klikk her for å høyre bingoen




Fyresdal:

Ikkje buplikt for milliardæren

Rådmann Ketil O. Kiland tilrår at Johan Benad Ugland frå Grimstad får konsesjon på eigedomen Austre Nape i Fyresdal. Han har ikkje merknader til salssummen på 18,5 millionar kroner. Kommunen ynskjer heller ikkje å setje vilkår om buplikt på eigedomen.

Dette står å lese i Vest-Telemark Blad:

Det er hovudutval for landbruk og teknikk som har endeleg vedtaksrett i saka.
Når Fyresdal kommune ikkje vil krevje buplikt på Austre Nape grunngjev rådmann Kiland det med at det ikkje er straum fram til bruket, eigedomen har ikkje vore busett på mange år, og han ligg 10 kilometer frå næraste granne med like lang privat veg å halde ope vinterstid. I tillegg vert det i saksframlegget peikt på at jordbruksarealet er berre på 55 dekar innmarksbeite.
Dersom politikarane i hovudutvalet fylgjer innstillinga vert konsesjonen gjeve på fylgjande vilkår:
* Eigedomen skal drivast på ein landbruksmessig forsvarleg måte.
* Det må utarbeidast ei avtale med ein lokal forankra person som kan ha oppsyn med eigedomen.
* Dersom eigar ikkje sjølv driv det dyrka arealet skal det leigast bort med kontrakt etter gjeldande reglar.
* Den praksis som har vore med å nytte heiarealet som utmarksbeite for sauehaldarar i kommunen vert vidareført.
Vedtaket rådmannen inviterer til er heimla i konsesjonslova § 9 og 11.
Kjøparen Johan Benad Ugland er bonde og investor i Grimstad. Han har uttala tidlegare til VTB at føremålet med å kjøpe Austre Nape ikkje er busetnad, men å eige og utvikle dei ressursane som ligg i eigedomen. Den fråflytta fjellgarden inn på heia mot Nissedal har eit totalareal på om lag 38.300 dekar, og alt er i ein teig.
Skogbruksplanen frå AT Skog viser at det er 9.373 dekar produktiv skog.
Austre Nape har 8 fellingsløyve for elg i tillegg til 2 hjortar og 2 rein.
Totalt er det 24 bygningar i varierande storleik på eigedomen. Stor sett alle husa har ein svært enkel standard.

Publisert 25/01-2010


:

Vil du vere med å teste ut sal av bingohefte på nett?

Hjalarhornet skal ha ein testperiode no og treng nokre spelarar som kan
prøve ut systemet. Da kan du kjøpe bingobongar rett frå sofakroken.

Gå inn på www.radiobingo.no og registrer deg der.
Legg til Hjalarhornet som din radio og kjøp ein bong.

Sidan det ikkje er liv å kjøpe bingohefte på kreditt må du betale rett frå
kontoen med noko som heiter BankAxess. Dette må du skru på i nettbanken din
før du kan bruke det.

Gjer dette i god tid, ikkje rett før bingoen i tilfelle du får problem.

Bongen kan du skrive ut på skrivaren din og spele bingo som vanleg.
Publisert 12/10-2015

Seljord:

Vil du vere med å teste ut sal av bingohefte på nett?

Hjalarhornet skal ha ein testperiode no og treng nokre spelarar som kan
prøve ut systemet. Da kan du kjøpe bingobongar rett frå sofakroken.

Gå inn på www.radiobingo.no og registrer deg der.
Legg til Hjalarhornet som din radio og kjøp ein bong.

Sidan det ikkje er liv å kjøpe bingohefte på kreditt må du betale rett frå
kontoen med noko som heiter BankAxess. Dette må du skru på i nettbanken din
før du kan bruke det.

Gjer dette i god tid, ikkje rett før bingoen i tilfelle du får problem.

Bongen kan du skrive ut på skrivaren din og spele bingo som vanleg.
Publisert 12/10-2015

Ny programserie:

Reporter Knut Magne Momrak frå Fyresdal har laga ein serie på åtte program der han har besøkt personar som har valt å flytte heim att til Vest-Telemark etter ein periode ute. Han har kalla serien "Eg vil bu i Vest-Telemark". Programma blir sendt måndagar og onsdagar kl 21 (etter bingoen).

[Les meir] Publisert 16/03-2015

Høyr 100 innslag frå Dyrskuradioen

Frå torsdag til sundag sende Dyrskuradioen mest 100 timar med direktesendt radio. Det blei også laga 100 reportasjar. Gjekk du glipp av intervjuet med deg sjølv? Her kan du høyre alle innslaga om att.
Publisert 17/09-2012

Seljord:

God vermelding for Dyrskun

Både sol og litt regn på fredag, strålande sol og opphald laurdag og sundag, og rundt 14 grader, seier meteorologane så langt om dyrskuveret.
Publisert 11/09-2012

Dyrskuradioens tilbod 2012

Helsingar, musikkønskje og anna stoff kan sendast på SMS til Dyrskuradioen når som helst. Kodeord: dyrsku + melding, send til 1963.

Her er programoppsettet:
[Les meir] Publisert 10/09-2012

Dyrskuradioen på Facebook

Søk oss opp på Facebook, så får du oppdateringar av og til, og kan sende tilbakemeldingar. Her på heimesida finn du meir fast info. Klikk HER for å gå til våre FB-side.
Publisert 10/09-2012

Høg kvalitet på hesteutstillinga

Hestutstillinga på Dyrsku'n ser ut til å halde høg kvalitet i år, opplyser avdelingsleiar Tormod Thorbjørnsen. Det kjem fleire gode avlshestar, nokre av dei har avkom som har køyrd inn felire millionar.

[Les meir] Publisert 10/09-2012

Prøv deg som NBU-tevlar på Dyrskun

Norges Bygdeungdomslag (NBU)deltar på Dyrsku'n i år. Du finn dei på Bondens møteplass. Her kan du mellom anna få vite meir om alle aktivitetane organisasjonen tilbyr. Blant desse er fagtevlingane i mat og landbruk.
[Les meir] Publisert 10/09-2012

Trygghet og helse på Bondens Møteplass på Dyrskun

Kampanjen Trygghet og Helse i Landbruket er sett i gang for å målrette innsatsen for å redusere omfanget av skader, ulykker og yrkeslidingar i landbruket.

[Les meir] Publisert 10/09-2012

Dyrskuradioen 2012 - programtilbod og kontaktinfo

Helsingar, musikkønskje og anna stoff kan sendast på SMS til Dyrskuradioen når som helst. Kodeord: dyrsku + melding, send til 1963.

Her er programoppsettet:
[Les meir] Publisert 10/09-2012

Seljord:

Generalforsamling i Hjalarhornet Radio AS

Det blir med dette kalla inn til generalforsamling i Hjalarhornet Radio AS sundag 19/8-2012 kl 14 i radiolokala i Dyrudbygget i Seljord. Vanlege saker. Saker som skal opp på møtet må vere levert til styret innan 13/8. Styret
Publisert 05/08-2012

Bingoblokkar

Her er lista over dei stadene i Vest-Telemark du kan kjøpe bingoblokkar, både til måndags- og onsdagsbingoen, som begge går på både Hjalarhornet Radio og Radio Vest-Telemark:
[Les meir] Publisert 20/10-2010

47.500 kroner i premiar - X 2

95.000 kroner i bingopremiar i veka.
[Les meir] Publisert 20/10-2010

Seljord:

Jolemarknad på Dyrskuplassen

Enda ein to-dagars jolemarknad er på trappene i Seljord.
[Les meir] Publisert 20/10-2010

Opplevingar og samarbeid er svaret

Reiselivet i Telemark har utviklingspotensiale, men utfordringa er å skape opplevingar og samarbeide betre.
[Les meir] Publisert 20/10-2010

Vinje:

Fall fire meter under hyttebygging

Ein 30 år gamal mann frå Hordaland ble frakta i helikopter til Ullevål sykehus i Oslo etter ei arbeidsulukke i Vinje onsdag ettermiddag.

[Les meir] Publisert 20/10-2010

Influensavaksine

Legekontora i kommunane har no sesongvaksinering av influensa - og svineinfluensa i same slengen, for dei som ynskjer det.
[Les meir] Publisert 20/10-2010

Kviteseid:

Ønskjer fleire bøsseberarar

Det er behov for 20 personar som kan bere bøsse under årets TV-aksjon.
[Les meir] Publisert 17/10-2010

Fyresdal:

Fyresdal Hotell til sals

Fyresdal hotell blir nå lagt ut for sal, og prisen som kommunen vil ha er minst seks millionar.

[Les meir] Publisert 17/10-2010

For lite skogplanting

Statistikk syner no at antal skogplanter som blir sett ut i skogen stadig blir redusert.
[Les meir] Publisert 12/10-2010

Seljord:

Kurs i slektsgransking

I Seljord er det no høve til å delta på kurs i slektsgransking. Påmeldingsfrist er 15. oktober.
[Les meir] Publisert 12/10-2010

Fyresdal:

Rømling på frifot

To menn på 19 og 29 år har i løpet av natt til tysdag rømt fra Kleivgrend fengsel i Fyresdal.
[Les meir] Publisert 12/10-2010

Fyresdal:

Norges største besetning av Telemarkskyr

Aslak Snarteland satsar over 6 mill. på ny driftsbygning i stil tilpassa dei øvrige bygningane på garden i Fyresdal. Han får no landets største besetning av telemarksfe.
[Les meir] Publisert 08/10-2010

På tide å søke om erstatning

Frist for å søke erstatning for sau drept av freda rovvilt er 1. november.
[Les meir] Publisert 08/10-2010

Skal det endeleg bli tunnell?

Statsbudsjettet blei lagt fram med hyggelege lovnader om Århus-Gvammen-tunnell.
[Les meir] Publisert 05/10-2010

Jan Gunnar unngår nedrykk

Var på nytt sentral då Brann så godt som sikra ny Tippeliga-kontrakt.
[Les meir] Publisert 04/10-2010

47.500 kroner i premiar

Like før Dyrskun delte lokalradioane i Vest-Telemark ut over 90.000,- kroner.
[Les meir] Publisert 04/10-2010

Asfalteringsarbeid i Vest-Telemark

Øyfjell-Høydalsmo blir asfaltert, og fleire andre fylkesvegar har fått nytt dekke.
[Les meir] Publisert 04/10-2010

Nissedal:

Ny einingsleiar

Lønnsbudsjettet for skuleleiing aukar i Nissedal, og no er det tilbake til start på måtar: Nissedal har tilsett einingsleiar for skule i 100 %, der vedkomande til og med sit i det gamle skulesjef-kontoret.
[Les meir] Publisert 04/10-2010

Nyhetsarkiv

Det verste er kanhende over
Vogntog velta
Canvastelt-hotellet opna
-Formannskapet er inhabilt
Ville bryte seg inn medan det var folk i huset
Støttar utvikling av pilegrimsvegen
Tokke, Vinje og Fyresdal best skuleresultat
Kven får den neste kulturprisen?
Vidda vinn er godt i gang
Pallefabrikken konkurs
Det blir to lensmannskontor i Vest-Telemark
God omtale av Dalen hotell
Klart for Seljordkappleiken
Søkjer etter næringskonsulent
Kviteseid beste kommune i Vest-Telemark

ELDRE SAKER

Program i dag

Laurdag