Ledig stilling

Programmedarbeidar / redaktør i Hjalarhornet Radio

Hjalarhornet Radio AS er ein lokalradio lokalisert i Seljord som dekker kommunane Seljord, Kviteseid og Nissedal på FM og store delar av øvre Telemark på DAB og nettradio. Seljord er eit godt utgangspunkt for sendingar under alt som skjer på Dyrskuplassen gjennom året. Økonomien er god og inntektene til radioen kjem frå bingo, reklame og drift av portalen www.radiobingo.no.

Den tekniske drifta er i stor grad automatisert og det meste kan fjernstyrast.

Hjalarhornet søker etter ein medarbeidar som kan ha ansvaret for at sendingane går som dei skal. Du treng ikkje nødvendigvis lage alt innhaldet sjølv, men passe på at sendingane på lufta går som dei skal med fornuftig innhald.

Vi søker derfor etter ein programmedarbeidar eller redaktør i 40 % stilling. Dette er i fyrste omgang eit engasjement til 1/1-2022, men styret vil vurdere å forlenge stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Ta imot og vurdere ny musikk
  • Lytte til lokale podkastar og vurdere om dei kan gå på radioen
  • Halde kontakten med programskaparane og bingovertane
  • Invitere lag, foreiningar og andre interesserte til å lage lokalradio
  • Planlegge Dyrskuradio og andre arrangement
  • Arbeide for å auke reklameinntektene

Du bør

  • Ha god kunnskap om regionen
  • Ha interesse for lokalradiodrift
  • Vere kreativ og kan arbeide sjølvstendig
  • Ha litt teknisk kompetanse, men opplæring blir gitt
  • Ha førarkort for bil

Den som blir tilsett kan i stor grad ha heimekontor.

Løn, arbeidsvilkår og oppstart etter avtale.

Søknadsfrist: 1/11-2021

Kortfatta søknad sendast på epost til mikkel@rlink.no   

For spørsmål om stillinga kontakt dagleg leiar Mikkel Aanderaa, 91303303, mikkel@rlink.no eller styreleiar Gunnar Eilefstjønn, gunnar@eilefstjonn.no