Andre helga i september

Dyrskuradioen

Landbruksutstillinga Dyrsku’n har halde på kvart år i over 150 år. Like gamal er ikkje Dyrskuradioen, men me har hatt sendingar kvart einaste år sidan 1988. Andre helga i september får du full dekning av alt som skjer på Dyrskuplassen – mest døgnet rundt.

Frå radioarkivet

Høyr intervjua frå Dyrskuradioen

Møt folk, dyr og handverk på Dyrskuplassen. Her har vi samla eit utval intervju frå sendingane våre, med små og store historier frå folkelivet.

Dette er arkivopptak. Opplysningar om program, prisar og tilbod gjeld tidspunktet intervjua blei gjorde.

Viser 5 av 22 intervju.

Kultur · 3:24 min

Knut Buen: Dyrskuminne frå eit langt spelemannsliv

Knut Buen har vore på Dyrskun sidan han var gutunge på 1950-talet. Han fortel om åra som utstillar, spelemann og historieforteljar, og om oppdraga og møta som stadig fører han tilbake.

Handverk · 2:46 min

Frå angorakanin til ferdige strikkevantar

Korleis blir mjuk kaninpels til varme vantar? Anita viser fram angorakaninane sine og fortel om stell, klipping, spinning og farging. Vi får følgje handverket frå ulla på dyret til ferdige strikkevarer.

Historie · 2:47 min

Vikingliv med handverk, bål og sverd

I Vikingland får vi sjå nærare på klede, knivar og utstyr frå ei anna tid. Samtalen handlar om Telemarks vikingar og om korleis handverk, leik og bogeskyting kan gjere historia levande for barn.

Landbruk · 2:35 min

Gjerde som blir teikna på mobilen

Eit beite kan ha grenser sjølv om du ikkje ser eit gjerde. Ein representant for Monil forklarer korleis GPS-klavar, lydvarsel og digitale kart blir brukte til å halde oversikt over beitedyr.

Mat · 2:16 min

Marokkansk kjegryte over bålet

Det putrar i gryta når vi møter Iben på Dyrskuplassen. Ho fortel om kjekjøt, krydder og kraft av hanar, og om kvifor ho ønskjer at fleire skal ta i bruk desse råvarene.

Medarbeidarar i Dyrskuradioen på Dyrskuplassen
Frå Dyrskuradioen på plassen.
Studio med mikrofonar og medarbeidarar
Studioet under Dyrsku’n.
Tre medarbeidarar i Dyrskuradioen
Medarbeidarar i Dyrskuradioen.

Høyr nettradioen

Rull til toppen